Skyss’ cover photo
Skyss

Skyss

Urban Transit Services

Bergen, Vestland 2,170 followers

Skyss har ansvaret for det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylkeskommune.

About us

Skyss is owned by Hordaland county authority. Skyss' purpose is to plan, purchase and market public transport services. Contracts for the operation of bus routes and the Bergen light-rail system (Bybanen) are awarded to traffic companies via tender competitions. Skyss is responsible for planning itineraries, developing ticket systems, information and marketing.

Website
http://www.skyss.no
Industry
Urban Transit Services
Company size
51-200 employees
Headquarters
Bergen, Vestland
Type
Government Agency
Founded
2007

Locations

Employees at Skyss

Updates

  • 🗝️ Ei av dei mest avgjerande oppgåvene vi har i Skyss, er å gjennomføre anbodskonkurransar for buss, båt og ferje. Kontraktane løper over mange år og er verdt milliardar. ⚙️ Arbeidet med ei anskaffing startar ofte mange år før kontrakten skal starte. Dei langvarige og komplekse prosessane krev stødig leiing og mykje og god samhandling på tvers av mange fagmiljø. 🪑 No treng vi ein ny prosjektleiar som har kompetanse og erfaring frå offentlege anskaffingar og som kan sitje i førarsetet for slike store anskaffingsprosjekt. Du finn stillingsannonsen under. 🔎 Om du vil vite meir om arbeidet vårt med anskaffingar, kan du lese eit intervju med to av juristane våre, sjå peikar nedanfor. (Foto: Firda Billag Buss AS - Nye bussar på veg til nytt anbod i Sunnfjord i juni 2026)

    • No alternative text description for this image
  • 💫 I desse dagar kjem nær 300 nye bussar på vegane i Vestland! Vi held nemleg på å starte opp i alt tre nye busskontraktar i Sogn og Fjordane og Sunnhordland, med ny og oppdatert busspark. Over halvparten av dei nye bussane er elektriske. – Med nesten 160 nye elbussar i rute tek vi endå eit langt steg i den grøne omstillinga i Vestland fylke, seier fylkesordførar Jon Askeland. Vestland fylkeskommune er førebels fremst i Noreg med å skalere elbussar i stort omfang i distrikta, på distriktsruter med lange avstandar og lågare trafikkgrunnlag. Elektrifisering i krevjande topografi og med spreidd busetnad viser at grøn omstilling er mogleg overalt. Dei nye bussane har sanntidssystem, som er ei nyttig forbetring for mange reisande. Dei gamle bussane i Sogn og Fjordane har ikkje hatt sanntid, men med dei nye bussane får no heile Vestland sanntid på bussen. – Vi stiller høge krav til bussmateriellet og til drifta. Skyss sitt mål er eit godt og føreseieleg busstilbod i alle ruteområda våre, seier direktør i Skyss, Målfrid Vik Sønstabø. – Oppstart i eit så komplekst ruteområde krev grundige førebuingar, og vi er skikkeleg stolte av arbeidet dei tilsette har lagt ned. Nye, elektriske og tryggare bussar vert no eit viktig bidrag til sjåfør-rekrutteringa, seier Lars Andreas Kårstad, dagleg leiar i Firda Billag Buss AS, som har fått kontrakten for Sunnfjord/søre Nordfjord/ytre Sogn. I indre Sogn og i Sunnhordland er det Tide AS som har fått kontraktane. – Dette er ein viktig milepæl for oss, sjølv om vi allereie kjenner rutene og har lang erfaring frå områda. Vi er glade for tilliten og ser fram til å fortsette å levere eit godt kollektivtilbod, seier Jørgen Haukås, administrerande direktør i Tide Buss. #kollektivtrafikk #elbuss #klima (Foto: Firda Billag Buss AS)

    • No alternative text description for this image
  • View organization page for Skyss

    2,170 followers

    🚍 Vil du jobbe med økonomiske analysar som betyr noko for samfunnet? Skyss forvaltar over 6 milliardar kroner årleg og har ansvar for kollektivtransporten i heile Vestland. No ser vi etter ein ny rådgjevar/seniorrådgjevar til ei fast stilling som business controller i Bergen. 🔍 Her kan du få jobbe med økonomiske analysar, prognosar og beslutningsgrunnlag i eit sterkt og veldig hyggeleg fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement for berekraftig kollektivtrafikk. 📅 Søknadsfrist: 21.05.2026 Del gjerne – eller tips nokon som kan vere interessert! ⬇️ Du finn sjølve utlysingsteksten om du flyttar blikket litt lengre ned.

  • View organization page for Skyss

    2,170 followers

    🕵 Er du god på organisasjonsutvikling? Då ser vi kanskje etter nettopp deg! 🔩 Vi vidareutviklar oss. Skyss skal vere best mogleg rusta for å levere på samfunnsoppdraget vårt, og vi søker no etter rådgjevar for organisasjonsutvikling, til eit vikariat i 100 % stilling. 🕸️ Rolla er sentralt plassert i organisasjonen med mykje samarbeid på tvers, i ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag. Her skal du mellom anna legge til rette for gode organisasjonsprosessar, bidra med leiarstøtte og strategisk rådgjeving og å styrke og vidareutvikle den gode organisasjonskulturen. 🔑 I Skyss får du vere del av eit kompetent og engasjert arbeidsmiljø der det er godt rom for fagleg utvikling, og ikkje minst, hyggeleg å gå på jobb! ⬇️ Du finn lenka til stillingsannonsen under.

    • No alternative text description for this image
  • View organization page for Skyss

    2,170 followers

    🧭 Korleis sikrar vi at dei kollektivreisande i Vestland får riktig og nøyaktig informasjon slik at reisa blir enklast mogleg? Dette er ei sentral oppgåve for mange av oss som jobbar i Skyss. 🎯 No er vi på jakt etter ein ny informasjonskoordinator som skal ha ei sentral rolle i dette viktige arbeidet. I denne stillinga vil du jobbe med kampanjar, rute- og trafikkinformasjon, innhaldsproduksjon og publisering, og orienteringsdesign og merking av fysiske flater på terminalar. 🤝 Mykje av arbeidet går ut på å lage framdriftsplanar, å leie og koordinere internt arbeid ved trafikkomleggingar og å kommunisere med eksterne interessentar. 💕 Vi kan tilby eit gjevande arbeid i eit svært hyggeleg arbeidsmiljø! ⬇️ Du finn stillingsannonsa nedanfor.

    • No alternative text description for this image
  • View organization page for Skyss

    2,170 followers

    🎉 Vi lanserer ein flett ny Skyss-app! Heretter treng ikkje dei kollektivreisande i Vestland meir enn éin app for å planlegge reiser og kjøpe billett til buss, bybane og båt. – Dette er ein gledeleg dag! Eg har sjølv brukt den nye Skyss-appen over lengre tid. Betre design, nye funksjonar, sanntid og høg brukarvennlegheit er eit tydeleg steg fram for dei kollektivreisande, seier fylkesvaraordførar Stian Jean Opedal Davies i Vestland fylkeskommune, som saman med Skyss-direktør Målfrid Vik Sønstabø møtte kundar og presse i Byparken måndag føremiddag. 🗺️ I den nye appen kan du mellom anna sjå bussen og båten du ventar på i eit kart, du kan abonnere på periodebillett og du kan sende billettar til andre. 🤞 No blir det eit par spennande veker medan alle dei reisande i Vestland skal bli kjent med den nye appen! Vi har rusta Skyss kundeservice slik at vi kan svare på mange – og mange slags – spørsmål, og samarbeidspartnaren vår Tet Digital er klar til å løyse eventuelle tekniske utfordringar. 🔗 Vi gler oss til å samarbeide vidare med Ruter As og Agder kollektivtrafikk og snart også med AtB AS og Østfold kollektivtrafikk om gode løysingar frå Tet Digital for dei som reiser kollektivt.

  • View organization page for Skyss

    2,170 followers

    🤔 Er du blant dei som lurer på kva du kan bruke utdanninga di til? Skyss har om lag 100 tilsette med bakgrunn i alt frå juss, økonomi, pedagogikk, marknadsføring og religionsvitskap til statsvitskap, geografi, geologi, ingeniørfag og informatikk. Dette gir oss kunnskapsrike team med brei kompetanse og mykje tverrfagleg samarbeid både internt og eksternt. I samarbeid med Utdanning i Bergen inviterer vi studentar til å møte nokre av oss fredag 6. mars, for å få vite litt om korleis ulike utdanningar skaper nytte. Du får møte: 🌟 Pia som har master i samfunnsplanlegging og jobbar som ruteplanleggar for buss, båt og ferje 🌟 Maren har master i statsvitskap og jobbar med å planlegge kollektivtilbodet både på kort og lang sikt 🌟 Tor-Eirik som har master i klimaomstilling og jobbar med energiløysingar for buss, båt og ferje 🌟 Du får også møte Merethe som er leiar for kundeservice i Skyss, som vil fortelle litt om studentar som jobbar deltid hos oss. ✋ Meld deg på med det same på karrierekatapult.no !

    View organization page for Study Bergen

    223 followers

    🚀 💼 Hva kan du egentlig bruke utdanningen din til? Teknologi, samfunnsvitenskap eller administrasjon, markedsføring og økonomi gir deg kanskje flere karrieremuligheter enn du tror. 🚌 🚊 Har du tenkt over hvor mange ulike stillinger og fagbakgrunner som trengs for at kollektivtransporten skal flyte godt? På Karrierekatapult-arrangementet hos Skyss, får du høre hvordan ansatte med bakgrunn fra mange ulike utdanninger, jobber sammen for å utvikle kollektivtilbudet i Vestland. 🎓 Dette er en super mulighet for alle studenter å utforske jobbmuligheter du kanskje ikke visste eksisterte! 📅 6. mars, 13.00-14.30, hos Skyss 👉 Påmelding: karrierekatapult.no /// Karrierekatapult er et felles prosjekt for studenter på Universitetet i Bergen (UiB), Høgskulen på Vestlandet (HVL), Norges Handelshøyskole (NHH), Handelshøyskolen BI, Kristiania, NLA Høgskolen, VID vitenskapelige høgskole og Fagskulen Vestland Tiltaket er støttet av Vestland fylkeskommune, Fana Sparebank og Bergen kommune

  • View organization page for Skyss

    2,170 followers

    🎨 Det gjeld å vere både strukturert og kreativ når ein skal planlegge ruter for buss, båt og bybane! Kollektivtilbodet er eit stort puslespel, og kvar dag må vi få brikkene til å passe saman, ikkje minst når det skjer avvik i trafikken eller på vegnettet. Ein ruteplanleggar har ei sentral rolle i Skyss og påverkar kvardagen til svært mange menneske i Vestland. 👤 Vi har no ledig stilling som ruteplanleggar. Jobben går mellom anna ut på å planlegge på både kort og lang sikt, analysere datamateriale, ha dialog med transportleverandørane våre og vidareutvikle metodar og arbeidsprosessar. 🤗 I Skyss vil du få ein meiningsfull arbeidskvardag og mange svært dyktige og hyggelege kollegaer, som til dømes Jøran. 👓 For å lese meir om stillinga, sjå nedanfor. #kollektivtrafikk #buss #bybane #hurtigbåt #ferje #Vestland

  • View organization page for Skyss

    2,170 followers

    ⚙️ Korleis skapar ein godt samspel mellom menneske, prosess og teknologi? Korleis omset ein forretningsbehov til tydelege prioriteringar, krav og leveransar? Kva må til for å få endring til å sitte i ein kompleks verksemd? 🧩 Om du liker å finne svar på denne typen spørsmål, og om du trivst i spennet mellom strategi og praktisk gjennomføring, kan du vere den vi leiter etter! I vår tverrfaglege organisasjon skal vi nemleg tilsette ein digital forretningsutviklar, som skal ha ansvar for å leie og drive fram endrings- og utviklingsarbeid knytt til innføring av nye løysingar, og forenkle og rydde i systemlandskapet. ⬇️ Du finn meir info i kommentarfeltet. #kollektivtrafikk #buss #bybane #TetDigital (Foto: Getty Images)

    • No alternative text description for this image
  • View organization page for Skyss

    2,170 followers

    🪄 Eventyret om kollektivtrafikken i Vestland held fram! I 2025 var det 95 millionar påstigingar på buss, båt og bybane. 📈 Vekstkurva har gått oppover i snart tjue år, med særskilt drahjelp frå bybanen og gjennom at vi har arbeidd målretta over lang tid med å styrke og forbetre heile kollektivnettet. Bybanen er ein kjempesuksess i seg sjølv, men samvirket mellom dei ulike transporttilboda gir høge reisetal i heile byvekstområdet. 🏆 Meir enn ni av ti kollektivreiser skjer i Bergen og pendlarkommunane rundt. Kollektivtrafikken med sine hundretusenvis av daglege påstigingar speler ei særs viktig rolle for både vegsystemet, framkomsten og den lokale luftkvaliteten. ⬇️ Du finn fleire reisetal og fakta om du følger peikaren i kommentarfeltet! #kollektivtrafikk #buss #bybane #bybåt #vestland

Similar pages

Browse jobs